Diskusjon:Gjetarbarn

Olve flytta artikkelen frå gjetargut med grunngjevinga Det blir ikkje rett ha artikkelen liggjande på kjønnsavgrensande namn når samletermen finst. (av ein eller anna grunn er ikkje dette med i sidehistorikken)

Eg er ikkje heilt einig. Snarvegen for å finna ordbruk, Google, gjev ingen treff, verken på gjeter- eller gjetarunge. Ordet står sjølvsagt heller ikkje i Bokmåls- eller Nynorskordboka. Det blir dermed ein noko kunstig konstruksjon laga av ein tilfeldig wikipediabrukar, og då synest eg ikkje me skal ha det som hovudoppslagsord. -- Ranveig 17. des. 2005 kl. 23:34 (UTC)

Eg har ved mange anledningar funne at søk i Google faktisk gjev treff på omdirigeringsord. Prøv t.d. eit søk på «Askenasiske jødar», og du vil sjå at omdirigeringa til «Askenasím» kjem opp som treff nummer éin. Problemet med gjetarunge i Google er berre at Google ikkje oppdaterer indeksen sin kvar dag. -- Olve 17. des. 2005 kl. 23:46 (UTC)
Når det gjeld mangelen på gjetarunge som oppslagsord i Bokmåls- og Nynorskordboka, så viser eit kjapt søk på «gjet%» at ordet «gjetarbarn» finst som eksisterande oppslagsord i Nynorskordboka. Så vi kan godt flytte artikkelen dit. :-) Olve 17. des. 2005 kl. 23:50 (UTC)
(Ahh, så lurt) Det kling mykje betre! Det ordet kan både vera eintal og fleirtal, og kjennest dermed meir naturleg enn "gjetarunge". -- Ranveig 18. des. 2005 kl. 00:21 (UTC)
Tilbake til siden «Gjetarbarn».