Diskusjon:Kaneljo

Siste kommentar: for 11 år sidan av Roarjo i emnet Om kjelder og sånn

Om kjelder og sånn endre

Føde endre

Det er særs avgrensa informasjon tilgjengeleg om føda til denne arten, ein gjennomgang av litteratur i 1997 fann berre informasjon frå hekkeområda på Eldlandet. Fisk kan være hovudkjelda til næring, elles er det funne restar sjøfuglar, rankeføtingar og sumpbever i mageinnhald eller ved reirplass. Dei tar føda som åtsel og praktiserer kleptoparasittisme.

Kjelde:

Utbreiing endre

Normalt utbreiingsområde, vinter - året rundt: Kysten frå sentrale Peru, sørover langs Chile, og nordover til nordre Argentina. Sporadisk nordover til Ecuador i vest og nordover til Bahia i Brasil i aust. Hekkeutbreiing: Sørlege Chile, sørligste Sør-Amerika med Kapp Horn i Argentina.

Kjelde:

  • Eit oversyn over kjent kunnskap per 2012 finst i innleinga av dette notatet:
Davi Castro Tavares, et al (2012). Aves, Stercorariidae, Chilean Skua Stercorarius chilensis, Bonaparte, 1857: First documented record for the state of Espírito Santo, southeastern Brazil 8(3) Check List. s. 560-562

I tillegg finst det fleire rapportar som indikerer (sporadisk) hekking på Den antarkiske halvøya, f.eks. på Point Hennequin, King George Island

Kjelder:

--Roar (diskusjon) 7. januar 2013 kl. 21:18 (CET)Svar

Tilbake til siden «Kaneljo».