Diskusjon:Kurkijoki

Siste kommentar: for 13 år sidan av Megnorge i emnet Kurkijoki

Kurkijoki endre

Artikkelen skal heite Kurkijoki. Kan nokre rette det? MVH Megnorge 1. januar 2011 kl. 01:36 (CET)Svar

Kvifor flytte? Vi bruker jo helst svenskspråklege namn om finske stader som har namn både på svensk og på finsk, sidan svensk står nært norsk språk. --Knut 1. januar 2011 kl. 16:27 (CET)Svar
Men akkurat denne staden heiter no Куркиёки sidan han tilhøyrer Russland. Dette ordet får Google Translate til å bli Kurkijoki; eg veit ikkje om det er rett translitersjon. --Ranveig 1. januar 2011 kl. 16:41 (CET)Svar
No vart eg litt forvirra. Men då fåreslår eg at de finn ut kva for eit namn som er best. MVH Megnorge 1. januar 2011 kl. 17:51 (CET)Svar
Inntil nokon har funne ut kva for namn som høver best, skal du som oppretta artikkelen ikkje vere redd for å flytte artikkelen. Ved sida av søkjevindauget oppe til høgre i skjermbiletet kan du sjå ein liten svart pil (trekant). Om du dreg peikaren over denne pila, får du opp ei lenkje til ein kommando som heiter «Flytt». Klikker du på den, får du opp eit skjermbilete som gir deg høve tl å flytte artikkelen. --Knut 1. januar 2011 kl. 19:38 (CET)Svar
Eg har no flytta artikkelen, men viss de meiner at det er feil så si ifrå. MVH Megnorge 3. januar 2011 kl. 19:31 (CET)Svar
Tilbake til siden «Kurkijoki».