Diskusjon:Kvensk

Siste kommentar: for 11 år sidan av Knut i emnet Kvensk eller kvænsk?

Kvensk eller kvænsk? endre

Bgagaga endra mitt "ofte skrive kvænsk" til "kvensk eller kvænsk". Det er mykje kontrovers om dette her nordpå. Nynorskordboka har, av ein eller annan grunn, [kvænsk] som klammeform. Når eg ikkje er overvettes begeistra er det fordi usemja kjem av at vi i mange norske dialektar uttaler norrøne korte i og e som e og æ, utan at det slår inn i skriftspråket av den grunn. Sjølv uttaler eg t.d. parkbenk med æ, utan at eg har fått noko klammeform i nynorskordboka av den grunn. For meg ser det ut til at det er mangelen for aksept som dette språket har lidd under som får folk til å insistere på å skrive språknamnet som viser at det nettopp er utanfor standarden. Resultatet blir rot i skriftspråket. Sjølv om vi skriver språknamnet med e er det ingen her nord som vil finne på å uttale det med e, like lite som vi vil uttale parkbenk med e. Å oppretthalde eit felles skriftspråk (der e-folk uttaler e og æ-folk uttaler korte e og i eitt trinn under: fesk og bænk) er etter mitt syn verd å kjempe for. Dessverre er ikkje Nynorskordboka heilt på line, men altså [delvis]] Trondtr 7. november 2009 kl. 17:37 (CET).Svar

Nynorskordboka nemner både kvenir og kvænir som gamalnorsk opphav for «kven». æ-en er vel gjerne ein rest frå landsmålet som fekk klammeformsstoda med samnorskpolitikken (til liks med andre æ-ar). Her er eit døme med æ frå 1878: Fedraheimen nr. 2 1878. Njardarlogar (diskusjon) 6. mars 2012 kl. 19:39 (CET)Svar

Med rettskrivinga av 2012 vart det vel slutt på det kvænske: [1] --Knut (diskusjon) 4. januar 2013 kl. 19:30 (CET)Svar

Tilbake til siden «Kvensk».