Diskusjon:Lektorutdanning med mastergrad i realfag

Siste kommentar: for 10 år sidan av HallvardLid

Eg tviler på om dette emnet fortener eigen artikkel. Etter mi meining skal me ikkje ha eigne artiklar om eikvar utdanningslinje på alle universitet og høgskular for seg. Det er betre å ha t.d. Lektorutdanning som eigen artikkel, og så eventuelt skriva opp ei liste over kva for institusjonar som tilbyr dette og med kva for fagkombinasjonar. Har difor slettemerka. HallvardLid (diskusjon) 4. mars 2014 kl. 08:46 (CET)Svar


Lektorutdanning er så mangt og eit så stort emne, at det fortener ein eigen artikkel for realfag. Eg ynskjer å få utbrodert meir om dei ulike retningane, slik at det blir meir fullstendig informasjon om utdanningsløpet. I dag eksisterer ikkje denne informasjonen på nynorsk, og då er dette ein god plass å starte. Eg kan sjå at det kan vere meir på sin plass med ein generell artikkel, utan å nemne NTNU i innleiinga slik som no. Då kan institusjonane som tilbyr utdanninga vere lista opp, og nokre særtrekk ved utdanninga ved kvar institusjon kan trekkjast fram. Ber om at artikkelen ikkje blir sletta. SteinOlav (diskusjon) 6. mars 2014 kl. 22:36 (CET)Svar

Det er i grunnen ein god idé å skriva artiklar om generell lektorutdanning i Noreg! Nynorsk Wikipedia har ingen artiklar om dette frå før, ser eg. Viss du har gode kjelder, er det berre å setja i gang! Eg tek då vekk slettemerkinga, men fjernar NTNU frå innleiinga. HallvardLid (diskusjon) 7. mars 2014 kl. 10:24 (CET)Svar
Tilbake til siden «Lektorutdanning med mastergrad i realfag».