Diskusjon:Erik Andersen
Januar 2008
endreDenne artikkelen hadde kjelde! Kvifor er ikkje [1] ein "brukelig kjelde"? 67.159.44.153 13:50, 23 januar 2008 (CET)
- Wikiar, bloggar og forum er ikkje brukeleg kjelder for Wikipedia. --Jorunn 13:52, 23 januar 2008 (CET)
- Dette er eg rimeleg trygg på at du òg fekk beskjed om på bokmålswikipediaen. --Ekko 14:44, 23 januar 2008 (CET)
Slik artikkelen er no, er han nesten direkte omsett frå Kripos-sida. Det er brot på opphavsretten. --EIRIK\diskusjon 15:12, 23 januar 2008 (CET)
Det som står på Kripos sine sider er jo meint å vere informasjon til den norske folk. Men du kan gjerne få stokke om på teksten. Dersom dette skulle vere noko problem for deg. --Brukar:Cato 15:14, 23 januar 2008 (CET)
Kripos-sida er ei side som er meint for at alle som ynskjer det skal finne informason om Lommemannen. Den er ikkje beskytta av opphavsretten. Eg ser heller ingen copyright-teikn på sida. --Brukar:Cato 15:17, 23 januar 2008 (CET)
- Sjølvsagt har nokon opphavsrett til sida. Sjølv om Aftenposten ligg gratis på nett kan du ikkje berre ta det du vil derifrå. Du kan ikkje frigje tekst under GNU-lisensen som ikkje er din eigen. --Ekko 16:56, 23 januar 2008 (CET)
Interwiki
endreKan noen legge inn [[en:The Pocket Man]] på passende sted i artikkelen? ZorroIII 18:31, 23 januar 2008 (CET)
Årstall
endrePå no hevdar dei med kjelde(har ikkje sjekka den enno) at Lommemannen første overgrep var i 76, og ikkje så seint som på 90 talet som me hevdar. Anders 22:13, 23 januar 2008 (CET)
- Ingen grunn til å kappest med bm-wiki om detaljar i denne saka. Vi skriv leksikon, ikkje nyhende, og bør berre ha med uomtvistelege fakta. Helst så få som råd, i saker som denne, meiner no eg. - Knut 22:54, 23 januar 2008 (CET)
- Her kan ein med fordel vente til rettsaka er over. --Ekko 23:00, 23 januar 2008 (CET)
- Samd i dette. Sida vår er akkurat passe slik saka står no. nb si sin artikkel er derimot ikkje særleg leksikalsk. Men dei om det. --Bep 19:43, 24 januar 2008 (CET)
- Eg trur ikkje det er særleg kontroversielt å hevda at politiet meiner lommemannen har herja sidan 70-talet, det har dei sagt ved fleire høve. Men politiet trudde lenge at han starta på 90-talet, og han som er sikta i saka, er berre sikta for dei forholda som ikkje er forelda, eg trur det er grunnen til at vår artikkel seier 90-talet. Men eg er samd i at dette ikkje er ei sak me treng å bruka masse tid og ressursar på å fortelja om. Er folk interesserte i kva lommemannen har gjort og kven han er, les dei VG. Men om om ein jus-student lurer på det om 20-30 år, då les han kanskje eit leksikon. Og då vil han heller velja den leksikalske versjonen vår, enn den tabloide på nb:.
- Politiet har bede om å ikkje offentleggjera namnet på den sikta. nb: har alt trakka i salaten, difor vernar eg sida slik at berre administratorar kan endra. --Tannkrem 11:48, 25 januar 2008 (CET)
Identifisert som xxxx xxxxxxxx
endreHan har no blitt identifisert på framsida til VG som xxxx xxxxxxxx, fødd xx. xxxxx xxxx. Etterforskinga, som var årsak til at han ikkje blei identifisert før, er no avslutta, og det er ikkje lenger nokon grunn til ikkje å identifisere han. — Dette usignerte innlegget vart skrive av Ola-Tore (diskusjon · bidrag)
- Han er identifisert som tiltalt. Han er ikkje dømd. Det er framleis ikkje grunnlag for å skrive at han er Lommemannen, slik det stod i artikkelen då han vart oppretta. --Jorunn 23. august 2009 kl. 12:59 (CEST)
- Det er grunnlag for å skrive at ****** er identifisert av VG som den mistenkte i saken. Han treng ikkje vere dømd for å bli omtalt med namn. Det er vel ikkje nokon som skriv at han "er Lommemannen". ****** har jo allereie tilstått ein stor del av siktinga. Ola-Tore 23. august 2009 kl. 15:50 (CEST)
- Lat tabloidavisene driva med sitt, så kan me koma etter med fakta som er allment kjent. --Ranveig 23. august 2009 kl. 16:48 (CEST)
- Som dei seier i røyndomsserien sv:Cops på slutten: "All suspects are innocent, until proven guilty..."
- Dei som vil gjera noko med denne artikkelen på nn, kan istaden utvide den frå det som står på bokmålsutgåva. Anders 23. august 2009 kl. 23:55 (CEST)
- Eg er ikkje samd i at utviding av artiklar her skal måtte skje via nokon annan wiki.
- Grunnen til at artikkelen vart låst var at ein ikkje ville ha meir av namngjeving av mistenkte. Det var på det tidspunktet ingen «seriøse» nyhendeformidlarar som ville gå ut med namnet, berre ein masse annan informasjon om personen som gjorde han temmeleg lett å identifisere for det store internettslarvedyret. Og internettslarvedyret kom som vanleg til Wikipedia for å utbasunere det det visste. nn.wikipedia er ikkje mest utsett for slik utbasunering, men i dette tilfellet var det visst naudsynt å gjere det herfrå også. Så artikkelen vart rydda for namngjeving og sidan låst. All namngjeving måtte byggje på «eiga forsking» og/eller uetterettelege nettstader. Wikipedia skal ikkje vere staden for uthenging og slarv.
- No har dei Bergens Tidene og VG gått ut med namnet, og grunnen for vernet av artikkelen har falle bort.
- Eg foreslår difor å fjerne vernet på artikkelen. Ikkje fordi eg er særleg for å ha namnet på den tiltalte i artikkelen no, eg trur ikkje eg er særleg for å namngje tiltalte i artiklar i det heile, men fordi den opphavelege grunnen til å ha artikkelen stengd er fallen bort. --Jorunn 24. august 2009 kl. 00:46 (CEST)
- Eg meinte ikkje at ein skulle skrive på bokmålsartikkelen istaden, men utvide nynorskartikkelen med det som står der. Eg skal ikkje svare på om VG er ein seriøs nyhendeavis, eller ikkje. Forøvrig vil eg først venta til ein konklusjon på: en:Wikipedia:Biographies_of_living_persons/Noticeboard#The_Pocket_Man. Anders 24. august 2009 kl. 01:52 (CEST)
- Han har blitt navngitt av VG, Dagbladet, Bergens Tidende, Nettavisen, TV2 o.a. Ola-Tore 24. august 2009 kl. 17:22 (CEST)
- Eg ser ingen grunn til at nynorsk wikipedia skal namngje den tiltalte. --Egil Arne 24. august 2009 kl. 17:49 (CEST)
- Han har blitt navngitt av VG, Dagbladet, Bergens Tidende, Nettavisen, TV2 o.a. Ola-Tore 24. august 2009 kl. 17:22 (CEST)
- Eg meinte ikkje at ein skulle skrive på bokmålsartikkelen istaden, men utvide nynorskartikkelen med det som står der. Eg skal ikkje svare på om VG er ein seriøs nyhendeavis, eller ikkje. Forøvrig vil eg først venta til ein konklusjon på: en:Wikipedia:Biographies_of_living_persons/Noticeboard#The_Pocket_Man. Anders 24. august 2009 kl. 01:52 (CEST)
- Det kan godt hende at det er fornuftig å utvide artikkelen vår med ei line eller to. Men alt i alt er vår stutte artikkel betre enn ei den samlinga med såkalla fakta vi finn på nb-wiki. Og namnet håper eg ingen legg inn. --Knut 24. august 2009 kl. 18:57 (CEST)
- Viss det er semje om at artikkelen kan endrast er det best at han er open for alle, det vil seie ikkje låst slik at berre administratorar kan redigere han, og eg kjem difor til å fjerne vernet. Alle artiklar bør finne si form i open tilstand. No verkar det vere brei semje her om at noko namn på tiltalte skal ikkje i artikkelen, og om det vert lagt inn vil det difor verte rulla attende. --Jorunn 24. august 2009 kl. 20:15 (CEST)
- Det høyrdest ut som ein god konklusjon. --Knut 24. august 2009 kl. 21:36 (CEST)
Domfelt
endreDen tiltalte har blitt domfelt. Endrar det status om evt. identifisering? --KRISTAGAα-ω 15. juni 2010 kl. 13:06 (CEST)
- Det er offentleg kjent kva han heiter (opplyst i aviser og NRK), og mannen er dømd. Så er spørsmålet om det har leksikal interesse å oppgje namnet. Eg synst ikkje namnet det sivile namnet har leksikal interesse, men eg har ikkje gode argument for å nekte andre å skrive det inn. --Knut 15. juni 2010 kl. 14:22 (CEST)
- Heilt greitt å skriva det inn no, ja. --Ranveig 15. juni 2010 kl. 14:40 (CEST)
Eg synest artikkelen bør heite Erik Andersen og ikkje Lommemannen, som berre er medias kallenamn før han blei arrestert/identifisert. So kan me heller seie Erik Andersen, som i media blei omtala som "Lommemannen", osb. Det er meir seriøst å bruke namnet enn eit medialt kallenamn. —Dette usignerte innlegget vart skrive av Gunnvort (diskusjon · bidrag)
- Einig, «Lommemannen» var berre noko som blei brukt fordi politiet ikkje visste kven dei leita etter. Eg har ikkje finstudert media om dette, men Dagbladet ser ut til å ha gått over til Erik Andersen. --Ranveig 15. juni 2010 kl. 15:35 (CEST)
- Dersom artikkelen handlar om mannen, bør han ha same namn som mannen. Dersom artikkelen handlar om saka, kan han ha det namnet som saka er kjend under. Eg trur at det tilsvarande i andre leksikon vil vera å skriva ein artikkel om den dømde personen, og ha oppslagsordet under personen sitt namn. --Tannkrem 15. juni 2010 kl. 15:39 (CEST)
- Bra at nynorsk wikipedia har en noe anna innfallsvinkel på offentliggjøring enn det "bokmåls-wikipedia" har. Den artikkelen der, er jo fullstendig utdatert og uinteressant. — Dette usignerte innlegget vart skrive av 80.203.37.219 (diskusjon · bidrag)
- Problemet til Wikipedia på bokmål er ikkje at dei ikkje offentleggjer namnet, men at dei er meir utsette for støy og får slike artiklar som dette stappa fulle av rykte, sladder og spekulasjonar (slik at artikkelen må vernast over lang tid). Og noko av grunnen til dette trur eg er at nb har ein mykje høgare toleranse for rykte og sladder enn nn, ofte med liknande argumentasjon som den du er inne på no (oppdatert, interessant, skriv-det-folk-vil-lesa osb). Hurra for nn, som kan ta med det viktige og luka ut resten! --Tannkrem 26. juni 2010 kl. 13:28 (CEST)
Løslatt
endre"Han be løslatt fra Ila fengsel og forvaringsanstalt i november 2014 etter å ha sonet sin minstetid (inkludert varetekt)", skriv bokmål-wiki med referanse. 89.8.137.99 16. mai 2020 kl. 19:21 (CEST)