Diskusjon:Ne crois pas

Siste kommentar: for 12 år sidan av AlexanderMG

På fransk startar ein som oftast ikkje kvart ord med stor bokstav i songtitlar, slik som på engelsk. Vil foreslå flytting til «Ne crois pas» --Sigmundg 13. november 2011 kl. 20:46 (CET)Svar

I fylgje eurovision.tv (offisiell Eurovision-nettstad) startar kvart ord med stor bokstav. Hadde ikkje songen vore med i Eurovision hadde eg vore samd med deg. -- AlexanderMG 13. november 2011 kl. 22:31 (CET)Svar
Det kjem vel av at namnet er omsett til engelsk. På denne franske sida (http://fr.wikipedia.org/wiki/Concours_Eurovision_de_la_chanson_1956) er namet på songane skreve på same vis som vi gjer på norsk. På nynorsk WP vil det vera naturleg å nytta norsk skrivemåte. --Sigmundg 13. november 2011 kl. 23:55 (CET)Svar
Nokre stader står det med store bokstavar, andre stader med små. Difor valde eg å bruke den same skrivemåten som eurovision.tv. Det gjer ikkje noko om vi skriv med små bokstavar, men då meiner eg at vi bør finne éi kjelde å forhalde oss til når vi skriv om Eurovision-songar. -- AlexanderMG 14. november 2011 kl. 06:31 (CET)Svar
Etter som teksten på eurovision.tv er på engelsk nyttar dei sjølvsagt engelsk rettskriving. Men på nynorsk WP bør det nyttast norsk rettskriving. Kanskje vi bør spørja Norsk språkråd til råds? --Sigmundg 14. november 2011 kl. 17:05 (CET)Svar
Eg er samd i at me bør nytte norsk rettskriving. Å spørje Norsk språkråd var inga dum ide. -- AlexanderMG 14. november 2011 kl. 17:24 (CET)Svar
Tilbake til siden «Ne crois pas».