Diskusjon:Operativsystem

Siste kommentar: for 12 år sidan av Sigmundg i emnet Mangelfulle referansar

Me bør finna eit betre ord enn "vindaugehandsamar" for å skildra brukargrensesnittet i eit operativsystem. Det finst operativsystem som er tekstbaserte, sjølv om den vindaugebaserte typen er mykje meir vanleg i dag grunna Microsoft sitt monopol. --Tannkrem 17:20, 5 juni 2007 (CEST)

Vindaugehandsamaren er ein del av det grafiske brukargrensesnittet, noko som ein og finn i Mac'ar og stort sett alle Linux baserte operativsystem/distribusjonar. Det motsette er command line interface, tekstbasert brukargrensesnitt som Microsoft lenge tviheldt på fram til 1995. Eg trur det ordet som bør nyttast i staden er brukargrensesnitt, eller berre grensesnitt. Ein kan, har eg lest, klare seg utan vindaugehandsmar, om ein absolutt vil.--Anders 03:11, 13 september 2007 (CEST)

Mangelfulle referansar endre

Når ein gjev opp referansar (som ein absolutt bør gjera) bør dei vera fullstendige, slik at brukarane kan finna dei att på eit bibliotek, eller i ein bokhandel:

  • For bøker bør ein ha med: Forfattar(ar), Fullstendig tittel, utgåve (om det ikkje er 1st utg.), forlag, år.
  • For jornalartikklar bør ein ha med: Forfattar(ar), Fullstendig tittel på artikkel, namn på journal, bind, nr, mnd, år, sidetal (frå-til).

I denne artikkelen syner kanskje Tanenbaum til: Tanenbaum, A.S., Modern Operating Systems, 2. utg., Pearson, 2007., men så lenge referansen er så ufullstendig som her kan det like godt vera ei anna utgåve. --Sigmundg (diskusjon) 12. april 2012 kl. 22:02 (CEST)Svar

Tilbake til siden «Operativsystem».