Eg har dessutan lyst til å endre «pave» i Spasskij-sitatet til «yppersteprest», som gir om lag same positive innhaldet utan det negative som ligg i ordet pave på norsk. --Egil Arne9. august 2009 kl. 20:26 (CEST)Svar
Fint du likte det. Som sjølvutnemnd omsetjingsekspert seier eg at du kan endra formuleringa (men helst til «øvsteprest»), dersom det kling meir naturleg på norsk enn «pave». --Ranveig10. august 2009 kl. 00:03 (CEST)Svar
Resultat som (+2 =0 −1) er ikkje godt å forstå utan vidare. Eg gjetter at det tel opp siger, uavgjort og tap? Dette bør forklarast ein stad i artikkelen, eller han bør visa til ei forklaring ein annan stad. --Ranveig27. juni 2009 kl. 16:53 (CEST)Svar
Eg tenkte å kommentere akkurat det same ein dag tidlegare. I tillegg synest eg det er alt for mykje «lister» i artikkelen – mange av punktteikna kan med fordel fjernast – eg trur løpande tekst fungerer betre. Dei som må stå igjen, til dømes meritta hans, ville eg ha flytta heilt nedst, altså rett før fotnotane. Elles synest eg alle sjakkresultata innimellom gjer artikkelen litt tung å lese for dei som ikkje er sjakkekspertar, men det er kanskje vanskeleg å gjere noko med det? --EIRIK\diskusjon27. juni 2009 kl. 18:35 (CEST)Svar