Diskusjon:Rhythm of Love Tour

Siste kommentar: for 12 år sidan av Ranveig

Her er eit døme på at ikkje berre språket, men også faktainnhaldet vert dårleg ved maskinomsetjingar som ikkje er gjennomgått av nokon som kan språka. I den engelske teksten står det at det er den andre verdsturneen, her har det vorte til at det er den andre konsertturneen. Samtidig er han den tredje i turnekronologien som ligg i infoboksen, etter Disco in Dream Tour og Enjoy Yourself Tour. Alle kan gjere feil, og det lyt ein leve med, men her gjeld det innlegging av ganske store mengder stoff der den/dei som legg det inn ikkje er i stand til å sjå denne typen feil, sjølv om dei truleg kjenner faktagrunnlaget betre enn dei fleste. Det er eit problem. --85.167.164.107 8. november 2011 kl. 10:27 (CET)Svar

Eg er einig i at praksisen skaper meir problem enn verdifulle artiklar. Samstundes er det vel ikkje vond vilje som ligg bak. Kanskje kan me få den/dei som legg inn desse artiklane til å arbeida med oss. Viss ikkje får me setja ned foten for dette her. --Ranveig 8. november 2011 kl. 14:00 (CET)Svar
Tilbake til siden «Rhythm of Love Tour».