Diskusjon:Ribbe

Siste kommentar: for 15 år sidan av Knut

Det trengs ei fleirtydingsside; jfr. ordboka. Eg er òg van med å kalle ribbeina for ribber (på sjukehusjobben), men det er mogeleg det er eit lån frå engelsk. Spørsmålet er om ribbe skal vera matretten og fleirtydingssida ribbe (fleirtyding eller om ribbe skal vera fleirtydinga. --Ekko 23. desember 2008 kl. 15:34 (CET)Svar

Vi treng inga fleirtydingsside; det måtte i så fall vere pga sauribba. Ordet har elles tre tydingar:
  1. brystside av slakt, særleg av gris; ribbein r- med surkål (dekt her)
  2. opphøgd el. framståande kant (rand, stripe, åre); fjellkam, åsrygg r- på eit blad / ein genser med r-r / r-ne i ein kjølegrill (ordet treng neppe artikkel)
  3. kvar av fleire parallelle lister el. stenger; spildre, sprosse; spant el. tilje i båt hange i øvste ribba i ribbeveggen (kan dekkast av oppslaget ribbevegg).
Men om nokon likevel vil flytte til svineribbe, skiftar ikkje eg meny på julekvelden av den grunn. -- Knut 23. desember 2008 kl. 17:35 (CET)Svar
Dessutan er det slik ved googlesøk - trur eg - at treff på hovudoppslagsord vert prioritert framom andre treff. Eg trur dei fleste vil søkje på ribbe når dei er lurer på noko som gjeld kjøtet. Så eg trur vi gjer som Ekko foreslår som andrealternativ - vi lagar ei side ribbe (fleirtyding). --Knut 23. desember 2008 kl. 21:46 (CET)Svar
Bra slik. Og no er treet fint. --Ekko 23. desember 2008 kl. 23:15 (CET)Svar
Dersom treet er fint, kan du ta ein kikk på den nyaste artikkelen vår. - Knut 23. desember 2008 kl. 23:21 (CET)Svar
Nest nyaste, vi held oss innanlands i jula : )
Tilbake til siden «Ribbe».