Diskusjon:Runa Forlag

Siste kommentar: for 15 år sidan av Knut

Dette forlaget finst ikkje i Forleggerforeningen eller i Enhetsregisteret. Kjem det ikkje truverdige kjelder bør artikkelen slettast. --Ekko 29. oktober 2008 kl. 19:49 (CET)Svar

Jo kjelder trengst, og det bør ikkje vere så vanskeleg, for forlaget eksister nok. Sjå her: [1]. Kanskje Knut veit noko om dette? Han har skrive ein del av artiklane der. --Frokor 29. oktober 2008 kl. 20:05 (CET)Svar
Eg trur faktisk ikkje dei finst. Det du viser til er alt saman den same boka; Kristen sang og musikk, Runa forlag 1962. Og det er lenge siden no. Og når forlaget ikkje ein gong er eit Enkeltmannsforetak trur eg ikkje det finst lenger. --Ekko 29. oktober 2008 kl. 20:41 (CET)Svar
At føretaket er nedlagt er ikkje noko argument for sletting. Men artikkelen bør endrast. --Bep 29. oktober 2008 kl. 20:51 (CET)Svar
Dersom forlaget er nedlagt er ein stor del av artikkelen usann. --Ekko 29. oktober 2008 kl. 20:54 (CET)Svar
Sjølv om informasjonen er lagt inn av ein anonym brukar, vil eg helst tru at informasjonen er rett. Rett framgangsmåte må vere å setje inn ein tekstboks som etterlyser kjelder, slik det er gjort. Men slettar vi artikkelen no, vert den tekstboksen borte, og vår anonyme ven vert ikkje gjort merksam på at vi må ha kjelder for å verifisere artikkelen. Enn så lenge står tekstboksen der, som ei åtvaring om at informasjonen i artikkelen er usikker. Både tobandsverket Kristen sang og musikk og trebandsverket Norsk Misjonsleksikon er såpass solide at forlaget må ha hatt ein profesjonell organisasjon ein gong i tida. - Knut 29. oktober 2008 kl. 20:58 (CET)Svar

Eg sjekka brukarbidraga til den som skreiv artikkelen. Eg gjettar på at artikkelen er skriven som ein spøk, retta mot Runa Lyngvi. -- Knut 29. oktober 2008 kl. 21:16 (CET)Svar

Ja, eg kom no altså ikkje med forslag om sletting no, jfr. teksten øvst på denne sida. At forlaget har eksistert trur eg på, men Bibsys godtar berre Kristen sang og musikk som ei utgjeving herifrå. Norsk Misjonsleksikon meiner dei er utgjeve av Nomi. Men elles har me ikkje dokumentasjon på at forlaget har eksistert på snart 40 år, ellr har gjeve ut meire enn ei bok. --Ekko 29. oktober 2008 kl. 21:17 (CET)Svar

Dersom innhalde er ein spøk, og vi ikkje har meir fakta å leggje i artikkelen enn at det held til å skrive eit frø, skal vi like godt slette. -´Knut 29. oktober 2008 kl. 22:43 (CET)Svar

Tilbake til siden «Runa Forlag».