Diskusjon:Skjervsfossen

Siste kommentar: for 13 år sidan av Tannkrem i emnet Skjervsfossen?

Skjervsfossen? endre

Heiter han ikkje Skjervefossen? --Barend 31. juli 2010 kl. 20:20 (CEST)Svar

Står her som eit alternativt namn. --Frokor 31. juli 2010 kl. 21:27 (CEST)Svar

yr.no [1] seier dette:

  • Godkjende skrivemåtar: Skjervsfossen (vedteke av Kartverket i 1996).
  • Ikkje-godkjende skrivemåtar: Skjervfossen (avslege i 1996).

--KRISTAGAα-ω 31. juli 2010 kl. 23:25 (CEST)Svar

Ja ja. Ein får vel berre avfinna seg med at det ikkje hjelper å vera lokalkjent - Kartverkets vegar er uransaklege. Eg kjenner heller ikkje igjen forma Vossavangen frå den verkelege verda, men eg får vel motstrebande akseptera at me må basera oss på skriftlege normer for å unngå anarki. --Barend 2. august 2010 kl. 09:28 (CEST)Svar
Novel, me kan vel ikkje bøya oss slavisk for noko me kan visa er feil, heller. Eg meiner å hugsa me hadde ein liknande diskusjon om eit anna namn også (ein fjelltopp). Blei det ikkje då til at me brukte det lokale namnet? Eit søk i Atekst viser at «Skjervefossen» finst som skriftleg form. Det får 81 treff, mot 8 for Skjervsfossen og 4 for Skjervfossen. --Ranveig 2. august 2010 kl. 10:22 (CEST)Svar
Vi som skriv leksikon, må skrive det som er rett. Når ei namneform er vedteken av Statens kartverk, er det innhenta tilrådingar frå lokalt hald og den statlege stadnamntenesta, før kartverket har gjort vedtak om namnforma. Ingen av oss har kompetanse til å overprøve eit slikt vedtak, og skal vi fråvike vedtaket, må vi ha svært gode grunnar (at avisjournalistar skriv "feil" er ikkje nokon god grunn til å følgje dei).
Kartverkets vegar er ikkje uransaklege. Vi kan få innsyn i vedtaksprosessen. Namneforma «Vossavangen» er ikkje vedteken av kartverket, men av kommunen, sidan det er kommunen som fastset namn på grender og bygder. Her treng det ikkje vere innhenta tilråding frå namnekonsulenttenseta. Derfor ser vi at nokre grender (og bydelar) har fått namn som bryt med prinsippa i stadnamnlova.
Eg ser ikkje bort frå at Ranveig har rett, men eg trur helst at det var ei godkjend (ikkje vedteken) namneform vi valde å skrive på ein annan måte. Godkjende namneformer er namn brukte på kartet, men som ikkje har gjennomgått nokon vedtaksprosess. I slike tilfelle kan t.d. lokal litteratur dokumentere at namneforma som er brukt på kartet, er feil, og i slike tilfelle minnest eg at vi har vald å følgje litteraturen, ikkje kartet. --Knut 2. august 2010 kl. 10:49 (CEST)Svar
Statens kartverk har ikkje alltid lagt grundige undersøkingar og lokal skrivemåte til grunn, slik dei skal gjera, så dersom den offisielle skrivemåten ikkje samsvarer med den lokale, synest eg godt me kan bruka den lokale. Men Skjervefossen er også namnet på ein foss i Ørsta kommune. --Tannkrem 2. august 2010 kl. 14:08 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Skjervsfossen».