Diskusjon:Sosiale medium

Siste kommentar: for 11 år sidan av Knut i emnet Media vs. medium

Media vs. medium endre

Skal ein halda seg til gjeldande rettskriving, skal det vel strengt tatt heita ‘medium’ (i både eintal og fleirtal), jf. http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=media&nynorsk=+&ordbok=nynorsk. Men eg dreg meg for å retta det – kanskje har nokon sterke meiningar om at rettskrivinga ikkje er i tråd med faktisk språkbruk her. Ser gjerne at nokon med tyngde og pondus (dvs. admin) tek ei avgjerd. ØysteinVangsnes (diskusjon) 19. september 2012 kl. 22:34 (CEST)Svar

Rettskriving er rettskriving. Eg flyttar :) HallvardLid (diskusjon) 20. september 2012 kl. 00:11 (CEST)Svar
Det er nok eit faktum at rettskrivinga av framandord på -um verkar inkonsekvent og ikkje heilt i tråd med norsk talemål. Verdt eit nærare studium, kanskje? -- Knut (diskusjon) 20. september 2012 kl. 09:04 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Sosiale medium».