Diskusjon:Syltetøy

Filtrering av syltetøy? endre

dersom ein presser produktet gjennom eit filter slik at det blir klårt, blir det kalla gelé. Dette høyrest ut som om ein skal pressa syltetøy gjennom eit filter for å laga gelé, ein framgangsmåte eg aldri har høyrt om. Eg reknar med at det som blir meint er at dersom ein lagar saft av frukt-/bærråvarene (gjerne med filter) så kan ein bruka det til å laga gelé? Det er i det minste den framgangsmåten eg kjenner til. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 15:01 (UTC) (som har laga ein god del plommesylte og eplemos i haust)

Ja, det er no slik eg er vand med å gjera det òg: Avsila saft tilsett pektin blir gelé, avsila saft utan pektin blir saft og bær koka med eller utan pektin og ikkje avsila, men berre skumma, blir syltetøy. -- Olve 30. okt. 2005 kl. 15:23 (UTC)

Søt mat og søtmat endre

Ser at Nynorskordboka ikkje har fått med seg dette, men «søtmat» er no eit godt gammalt norsk ord — det står i kulinarisk motsetnad til saltmat. Begge delane er (var?) kategoriar i bysseneskuter i innanriks- og utanriksfart. -- Olve 30. okt. 2005 kl. 15:27 (UTC)

Forfattarane av Nynorskordboka bør snarast gå gjennom Sjørøvervisa, ja. -- Ranveig 30. okt. 2005 kl. 15:46 (UTC)
Jepp. :-) Olve 30. okt. 2005 kl. 15:58 (UTC)
Tilbake til siden «Syltetøy».