Diskusjon:Vinderen sportsforening

Eg synest ikkje at Nynorsk Wikipedia treng artiklar om fotballag i 8. divisjon. Det er kun det niande høgste liganivået i Noreg. Eg synest vi bør sette eit krav om at fotballag må spele i 3. divisjon eller høgare for å komme inn på NN Wikipedia. Eg vil gjerne høyre folk sine meiningar angåande dette. --Cato 07:53, 13 oktober 2006 (UTC)

Ein liten artikkelstump om lag litt nedi divisjonane skadar no ikkje, da — vi har god plass. Så lenge dette er eit stabilt tiltak som er godt dokumentert gjennom fleire år (lokalaviser held) og involverer fleire titals menneske (og eit fotballag i divisjonssystemet gjer jo det), så synest eg at dei kan få lov å stå der. Ein annan ting er at det ikkje akkurat er den mest prioriterte oppgåva... :) Kategorisering av ein slik artikkel bør vel først og fremst vera under kvar enkelt kommune foreløpig. -- Olve 08:01, 13 oktober 2006 (UTC)

Det er greit. --80.213.44.83 08:24, 13 oktober 2006 (UTC)

Diskusjonen går vidare på sida Wikipedia-diskusjon:Kva for fotball-lag skal med?

Slett! endre

Slett denne sida, om vi plass til den eller ikkje. Eg har høyrt at det ikkje er Wikipedia sin jobb å gjere forskjellige lag/personar kjende. --Cato 17:55, 13 januar 2007 (CET)

Slett – her må eg seie meg einig med Cato. --EIRIK\diskusjon 18:16, 13 januar 2007 (CET)

I såfall er det anna også som kan slettast. T.d. ymse lokallag til Noregs Mållag og Senterpartiet som ikkje er særleg store eller kjende, men har eigne artiklar her. Eg er ikkje for å ha artiklar om alle fotballag, det vil seie eigne artiklar om fotballgruppene innan alle idrettslag, men idrettslaga kan godt få artiklar (m/kjelder). Idrettslaga er viktige og kjende i lokalsamfunna, sjølv om det ikkje er elitefotball som vert utøvd dei fleste stadane. --Jorunn 01:30, 3 februar 2007 (CET)

Om laga har leksikonverdi utover det å vera eit fotballag, kan dei godt stå her, på same måte som musikarar som ikkje har laga særleg populær musikk men som har utmerka seg på andre vis. Her ser eg ikkje at dette er tilfelle. Dette er heller ikkje eit idrettslag, berre eit fotballag, så vidt eg kan sjå. Og heimesida det er lenkja til, kjem eg ikkje inn på, så det finst ikkje kjelder heller, for noko anna enn eit seniorlag i den nedste(?) divisjonen. --Tannkrem 13:11, 12 februar 2007 (CET)

Røysting! For eller i mot sletting endre

No må vi ta ei avgjersle angåande denne artikkelen. For eller i mot? Artikkelen vert sletta om ingen kjem med innvendingar innan 2 dagar.

  •   For --Cato 18:33, 8 februar 2007 (CET)
  •   For denne gongen. --Tannkrem 13:11, 12 februar 2007 (CET)
  •   For Avdi verkeleg aktivitet ikkje er dokumentert. --Ekko 13:26, 12 februar 2007 (CET)
  •   For --EIRIK\diskusjon 15:15, 12 februar 2007 (CET)
Tilbake til siden «Vinderen sportsforening».