Frutigen-Niedersimmental
(Omdirigert frå Distriktet Frutigen-Niedersimmental)
Frutigen-Niedersimmental er eitt av ti distrikt (tysk: Verwaltungskreis) i kantonen Bern i Sveits. Distriktet har ei flatevidd på 774 km² og hadde 39 171 innbyggarar i 2010. Distriktet grensar i sør til kantonen Valais, og har òg ei kort grense i nordvest til kantonen Fribourg. Distriktet høyrer til forvaltningsregionen Oberland.
Frutigen-Niedersimmental Verwaltungskreis Frutigen-Niedersimmental | |||
distrikt | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen Bern | ||
Hovudstad | Frutigen | ||
Areal | 774 km² | ||
Folketal | 39 171 (31. desember 2010) | ||
Kommunar | 13 | ||
Frutigen-Niedersimmental 46°35′00″N 7°39′00″E / 46.58333333°N 7.65°E | |||
Kart som viser Frutigen-Niedersimmental.
| |||
Wikimedia Commons: Frutigen-Niedersimmental (administrative district) |
Distriktet Frutigen-Niedersimmental består av 13 kommunar. Spiez og Frutigen er dei to mest folkerike kommunane. Dei andre kommunane er Adelboden, Aeschi bei Spiez, Därstetten, Diemtigen, Erlenbach im Simmental, Kandergrund, Kandersteg, Krattigen, Oberwil im Simmental, Reichenbach im Kandertal og Wimmis.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frutigen-Niedersimmental (Verwaltungskreis)» frå Wikipedia på tysk, den 2. september 2011.