Distriktet Lugano
Lugano er eitt av åtte distrikt i kantonen Ticino i Sveits. Distriktet har eit areal på 331,8 km2 og hadde 141 661 innbyggarar i 2010. Distriktet, som har namn etter hovudstaden Lugano, grensar i vest mot Italia.
Lugano | |||
Distretto di Lugano | |||
distrikt | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Ticino | ||
Hovudstad | Lugano | ||
Areal | 331,8 km² | ||
Folketal | 141 661 (2010) | ||
Kommunar | 60 | ||
Distriktet Lugano 46°00′N 8°57′E / 46°N 8.95°E | |||
Kart som viser Distriktet Lugano.
| |||
Wikimedia Commons: Lugano District |
Lugano omfattar tolv krinsar (italiensk circoli), som atter består av til saman 60 kommunar. Omframt byen Lugano er det kommunane Capriasca og Massagno som har meir enn 5 000 innbyggjarar. Dei andre kommunane er Agno, Bioggio, Cademario, Cadempino, Muzzano, Vernate, Alto Malcantone, Aranno, Miglieglia, Novaggio, Origlio, Ponte Capriasca, Carabietta, Carona, Collina d'Oro, Grancia, Melide, Morcote, Paradiso, Vico Morcote, Arogno, Bissone, Brusino Arsizio, Maroggia, Melano, Rovio, Caslano, Curio, Magliaso, Neggio, Ponte Tresa, Pura, Astano, Bedigliora, Croglio, Monteggio, Sessa, Bogno, Cadro, Certara, Cimadera, Sonvico, Valcolla, Bedano, Gravesano, Manno, Mezzovico-Vira, Monteceneri, Torricella-Taverne, Canobbio, Comano, Cureglia, Lamone, Porza, Savosa, Sorengo og Vezia.
Italiensk er offisielt språk i distriktet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lugano District» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2012.