Divide County er eit fylke lengst nordvest i den USA-amerikanske delstaten Nord-Dakota. I vest grensar fylket mot delstaten Montana og i nord mot staten Canada. Flatevidda til Divide County er 3 352 km², 90 km² av dette er dekt av vatn.

Divide County
Land  USA
Areal 3 352 km²
Folketal 2 195 (1. april 2020)[1]
Kart
Divide County
48°49′N 103°29′W / 48.81°N 103.49°W / 48.81; -103.49
Wikimedia Commons: Divide County, North Dakota
Landsbyen Crosby med tinghuset i midten

I 2010 budde 2071 menneske i fylket, som vert administrert frå landsbyen Crosby. Ved folketeljinga 2000 ætta 64,7 % av ibuarane frå Noreg, den største prosentandelen norskætta i eit fylke i USA. 24,0 % var av tysk ætt.

Vasskiljet på det nordamerikanske kontintentet går gjennom Divide County, dermed renn nedbør både til Mexicogolfen i sør og Hudson Bay i nord.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.