Djupfjorden i Sortland

Koordinatar: 68°36′36″N 15°27′19″E

Djupfjorden er ein fjord i Sortlandsundet i Sortland kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg om lag 3 km søraustover til Djupfjordbotn.

Djupfjordstraumen bru over Djupfjorden

Fjorden har innløp mellom Moldvikneset i sørvest og Børsneset i nordaust. Grenda Djupfjord ligg på vestsida like innanfor innløpet og frå her kryssar Riksveg 822 fjorden via den 346 meter lange Djupfjordstraumen bru. På vestsida finn ein Langvågen og Stordfjordbukta, medan austsida er langt meir rettlinja og har høge og bratte fjellsider som stig til 562 meter over havet ved Brokløystinden.