Opna hovudmenyen

Eit dokument er eit skriftstykke, eit skriftleg utgreiing og inneheld informasjon. Eit dokument er meint for kommunikasjon eller lagring av data. Ordet kjem frå latin og tyder der (lærerikt) døme. Ordet har samanheng med verbet å dosera, som tyder å undervisa eller å forkynna

Nemninga dokument kan nyttast om mykje, men oftast refererer ho til noko fysisk, som ei eller fleire trykte sider, eller til eit «virtuelt» dokument i elektronisk (digitalt) format.

Typar dokumentEndra

Dokument er stundom klassisfiserte som meir eller mindre løynlege. Ein kallar dei då graderte, og dei kan ha større eller mindre graderte. Begrensa/avgrensa, konfidensielt og strengt hemmeleg er slike graderingar. Eit dokument kan dessutan merkast med privat. Andre måtar å klassifisera dokument på kan vera utkast og korrektur for uferdige dokument. Når ein lagar ein kopi av eit dokument, kallar ein opphavet for originalen.