Donaldisme er, slik det er definert av Jon Gisle i essayet Donaldismen frå 1971[1] og boka Donaldismen (1973), den greina av teikneserieforskinga som har spesialisert seg på studium av produksjonen til Walt Disney. Omgrepet blir av Gisle også brukt om sjølve teikneseriematerialet Walt Disney har produsert. Boka til Gisle framstår som ein parodi på litteraturforsking, og utgir seg heller ikkje for å vere noko anna.

Sentralt i Gisles donaldisme er studium av rostrilongitudekvotienten (tilhøvet mellom nebblengda og hodehøgda til ein andefigur, målt i profil) som har endra seg over tid, og klassifisering av teikneseriane i epokar, frå urdonaldismen til den syntetiske klodrisme. Vidare har donaldistar studert samfunnsklassar og familiestrukturar i Andebysamfunnet, økonomiske og sosiale tilhøve og religion i Andeby.

Gisle si bok kom ut i ny utgåve i 2006. I boka har han ikkje ført forskinga vidare gjennom Donald-utgåver gitt ut etter 1973.

Kjelder endre

  1. Gisle, Jon (1971). «Donaldismen». Vinduet. 1971. 25 (3/4): 90–93. ISSN 0042-6288. «Scanned copy of the volume electronically available for Norwegian ip-adresses from Nasjonalbiblioteket, Norway. The essay is on the electronic pages 262-266.» 

Bakgrunnsstoff endre