Dorisk skala
Dorisk skala er ein modal skala (kyrkjetoneart) som vert nytta innan musikk. Om eit verk, eit stykke, ein låt, ein song osv. går i dorisk med D som grunntone, seier ein at han har tonearten D-dorisk. Om ein skal spele ein dorisk skala på pianoet, kan ein berre spele på dei kvite tangentane frå tonen D til neste D oktaven over eller under.
Oppbygging
endreDet som er spesielt for dorisk er at han har liten ters, stor sekst og liten septim. Dette gjev han eit mollpreg, men det som kjenneteikar han mest er den store seksten. Tabellen under illustrerer forskjellen på dur, moll og dorisk ved å vise skilnaden i tonetrinn:
D-dur | D-E | E-F#/Fiss | F#/Fiss-G | G-A | A-H | H-C#/Ciss | C#/Ciss-D |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Storleik på trinn mellom tonane | 1 | 1 | 1/2 | 1 | 1 | 1 | 1/2 |
D-moll | D-E | E-F | F-G | G-A | A-Bb | Bb-C | C-D |
Storleik på trinn mellom tonane | 1 | 1/2 | 1 | 1 | 1/2 | 1 | 1 |
D-dorisk | D-E | E-F | F-G | G-A | A-H | H-C | C-D |
Storleik på trinn mellom tonane | 1 | 1/2 | 1 | 1 | 1 | 1/2 | 1 |
Det er ikkje berre D som eignar seg som grunntone. Alle tonar kan nyttast som grunntone, men ein må følgje tonetrinnane. Her er eit døme på kva tonar som vert spelt i andre toneartar:
Toneart | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
D | E | F | G | A | H | C | D |
A | H | C | D | E | F#/Fiss | G | A |
C#/Ciss | D#/Diss | E | F#/Fiss | G#/Giss | A#/Aiss | H | C#/Ciss |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dorisk skala» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2016.