Dorney Lake er ein menneskeskapt innsjø i Storbritannia som arena for roing. Han ligg nær landsbyen Dorney i Buckinghamshire og nær byane Windsor og Eton, nær Themsen. Innsjøen er privateigd og finansiert av Eton College, som brukte £17 millionar på å utvikle han. Sjølv om innsjøen hovudsakleg vert nytta av skulen, er fasilitetane gjort tilgjengeleg for rosport i området i tillegg.

Dorney Lake
innsjø
Flyfoto av Dorney Lake
Land  Storbritannia
Innsjøtype Kunstig innsjø
Koordinatar 51°29′36″N 0°39′56″W / 51.4933°N 0.6655°W / 51.4933; -0.6655
Kart
Dorney Lake
51°29′36″N 0°39′56″W / 51.493333333333°N 0.66555555555556°W / 51.493333333333; -0.66555555555556
Wikimedia Commons: Dorney Lake

Innsjøen skal vere arena for sommar-OL 2012 i roing og kajakk. Dei eksisterande tribunane vert utvida for dette til 20 000 seter, dei fleste berre mellombelse.[1]

Startlinja

Banen på innsjøen er 2000 meter lang med åtte banar, som kvar er 13,5 meter brei. Den minste vassdjupna er 3,5 meter.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre