Dornier Do X
Dornier Do X var eit tysk sjøfly som var det største i verda då det vart produsert av Dornier i 1929. Flyet vart berre produsert i tre eksemplar. To vart selde til den italienske marinen (X2 og X3). Flyet vart ingen suksess for konstruktøren Claude Dornier. Han fekk ingen flyselskap interessert i å kjøpa flyet og setja det inn i regulær rutetrafikk, men Dornier Do X var eit av dei mest imponerande flya i si tid. Flyet vart totalt øydelagt under andre verdskrigen då det var i eit museum i Berlin.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på Dornier Do-X frå Wikipedia på bokmål den 11. oktober 2018