Dospat

elv i Bulgaria og Hellas

Dospat (bulgarsk Доспатска река, Dospatska reka; gresk Δεσπάτης, Despátis) er ei elv vest i Rodopifjella og den viktigaste sideelva til Mesta (Néstos). Ho har sitt utspring i Bulgaria nær den 1 600 m høge toppen Rozov Vraj og renn søraustover mot Dospatreservoaret. Etter dette snur ho sørvestover og held fram mot sør før ho munnar ut i Néstos i Hellas, like sør for landegrensa. Elva har eit nedslagsfelt på 633,5 km².

Elva Dospat.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.