Dráma i Hellas
Dráma Lokalt namn Δράμα | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 833,0 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Aust-Makedonía og Thráki Dráma |
Hovudsete | Dráma (44 823 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 58 944 (2011[1]) |
Folketettleik | 70,1 /km² |
Dráma (gresk Δράμα) er ein by i periferieininga med same namn i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Han er hovudsete i kommunen med same namn og er hovudstad i periferieininga.
HistorieEndra
Under romartida vart Dráma kalla Dravescus (Δραβήσκος) og var eit handelssentrum og ein militærleir langs den romerske vegen Via Egnatia. Dráma har gode vasskjelder og det er mogeleg at namnet kjem av «Hydrama» (hydro, gresk for 'vatn)'. Ein meiner at byen har stått på same stad sidan antikken.
Administrativ inndelingEndra
Frå 2011 omfattar kommunen Dráma òg den tidlegare kommunene Sidirónero. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 58 944 innbyggjarar, medan kommunaleininga Dráma hadde 58 532 og tettstaden med same namn 44 823 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstaderEndra
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Dráma | Dráma | 44 823 |
Khoristí | Dráma | 2 725 |
Xiropótamos | Dráma | 2 554 |
Kallífytos | Dráma | 1 282 |
Kalós Agrós | Dráma | 1 178 |
Koudoúnia | Dráma | 996 |
Monastiráki | Dráma | 785 |
Mavróvatos | Dráma | 736 |
Mylopótamos | Dráma | 711 |
Mikrokhóri | Dráma | 630 |
Néa Sevástia | Dráma | 518 |
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
KjelderEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Drama, Greece frå Engelsk Wikipedia .
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell nettstad (gresk)