Drvar
Drvar (bosnisk kyrillisk Дрвар) er ein tettstad og ein kommune i kantonen Kanton 10 innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[2]
Drvar | ||
---|---|---|
Andre namn | Дрвар | |
Utsyn over Drvar | ||
Styresmakter | ||
Land Kanton |
Bosnia-Hercegovina Kanton 10 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 589,3 km² | |
Innbyggjarar - Kommune (2013) - Byområde |
7 036[1] 3 730[1] | |
Koordinatar | 44°22′27″N 16°23′4″E / 44.37417°N 16.38444°E | |
Høgd over havet | 163 m | |
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://www.opstinadrvar.org/ | ||
Plassering | ||
Etter Daytonavtalen vart byen Drvar og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ein mindre del vart liggjande i Den bosniske serbarrepublikken som kommunen Istočni Drvar (Aust-Drvar) og er den minste kommunen i denne entiteten.[3]
Folketal
endreDei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]
Folketal 1991 | Folketal 2013 | |
---|---|---|
Drvar | 8 053 | 3 730 |
Vrtoče | 1 582 | 825 |
Drvar Selo | 844 | 490 |
Šipovljani | 998 | 478 |
Mokronoge | 646 | 298 |
Kommunen Drvar | 15 343 | 7 036 |
Kjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.
- ↑ Milojević, Milkica (30. juni 2019). «PATULJASTE OPŠTINE U SRPSKOJ Tri sela, sto stanovnika i gradonačelnica». srpskainfo.com (på serbisk). Henta 2. januar 2025.