Dumbefjorden

Koordinatar: 61°9′30.514″N 4°56′38.159″E

Dumbefjorden er ein fjordarm av Åfjorden på øya Sula i Solund kommune i Vestland. Fjorden strekkjer seg 9 km rett sørover til garden Dumba inst i fjorden.

Dumbefjorden
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Solund

Dumbefjorden
61°9′31″ N 4°56′38″ E

Fjorden har innløp mellom Bjørnholmen i vest og Rumpa i aust. Like innanfor innløpet stikk Austrefjorden søraustover. Fjorden har ingen busetnader langs fjordsidene før den inste kilometeren. I tillegg til Dumba ligg gardane Eidvika og Heimdal her. Riksveg 606 går langs den inste delen av fjorden.