Ein dumpventil er ei anretning som slepp ut ladetrykk når gasspjeldet på ein turbolada ottomotor lukkar seg. Dumpventilen lar turboen spinne seg ned på ein fin måte utan harking og hosting. Som regel er det trykkdifferansen over gasspjeldet som opnar ein pneumatisk styrt ventil, men meir avanserte løysingar er og tatt i bruk.

Når gasspjeldet på ein turbolada motor utan dumpventil lukkar seg, bygger det seg opp eit trykk som bremser luftstraumen gjennom kompressoren. Det fører til at lufta slepp vingane på kompressorhjulet, turboen får redusert evna til å bygge ladetrykk og luftstraumen blir ustabil. Utblåsinga som kan oppstå om gasspjeldet stenger momentant, til dømes ved girskifte, kan sprenge luftfilteret eller skade vingane på kompressoren. Ein turbo med skada kompressorhjul kan fort bli ubalansert og havarere. Ein tennpluggmotor med dumpventil, kan difor operere med høgare ladetrykk og nærmare grensa for tilbakeslag, utan å risikere havari.