Dvinitsa
Dvinitsa (russisk Двиница) er ei elv i Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Sukhona frå venstre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.
Dvinitsa | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 400 km² | ||
Lengd | 174 km | ||
Munning | Sukhona | ||
Dvinitsa 59°25′28″N 40°53′37″E / 59.42444444°N 40.89361111°E | |||
Wikimedia Commons: Dvinitsa River |
Elva er 174 km lang og har eit nedslagsfelt på 2400 km².
Dei største sideelvane hennar er Sjorova og Votsja, begge frå venstre.
Dvinitsa spring ut frå eit myrområde søraust for Kharovska. Ho renn søraustover gjennom eit hovudsakleg aude område langs Kharovskojryggen. Elva renn gjennom store skogområde, men den nedre delen av elva har myrlendte breidder.
Dvinitsa munnar ut i Sukhona 10 kilometer ovanfor landsbyen Sjuskjoe i Vologda.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Двиница» frå Wikipedia på russisk, den 23. oktober 2008.