Dyn (symbol dyn) frå gresk (δύναμις, dýnamis, «kraft») er ei måleining for kraft i CGS-systemet, føregjengaren til SI-systemet. Éin dyn er definert som «krafta som må til for å akselerere ein masse på eitt gram éin centimeter per kvadratsekund». Altså er éin dyn lik 10 mikronewton:

1 dyn = 1 g·cm/s² = 10−5 kg·m/s² = 10−5 N

Eininga «dyn per centimeter» har tradisjonelt blitt brukt for å måle overflatespenning. Overflatespenninga til destillert vatn er til dømes 72 dyn/cm ved 25 °C, som i SI-eininga blir 72 x 10−3 N/m eller 72 mN/m.

Kjelder endre