Ebensee am Traunsee er ein kommune (Marktgemeinde) i Distriktet Gmunden i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 194,7 km² og i kring 7 700 ibuarar.

Ebensee am Traunsee

Byen Ebensee med sine 4 100 ibuarar ligg 443 meter over havet, ved sørenden av innsjøen Traunsee. Kommunen elles omfattar tre landsbyar og seks grender. Heile 64% av kommunen er skogdekt.

Saltutvinning og -produksjon har i hundrevis av år vore viktigaste næringskjelde i kommunen.

Kjelder endre