Edmund Potter

Edmund Potter (18021883) var ein engelsk industrimann og parlamentsmedlem frå Manchester. Han var bestefar til Beatrix Potter.

Edmund Potter
Edmund Potter portrait.jpg
Edmund Potter måla av Samuel Sidley
Fødd1802
Død1883 (81 år)
Statsborgar avDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiDet liberale parti
Yrkepolitikar
MorMary Moore
FarJames Potter
EktefelleJessie Crompton
BarnRupert William Potter, Edmund Crompton Potter, Clara Potter, Walter Potter, William H. Potter, Mary Potter, Lucy Potter
MedlemRoyal Society

Edmund Potter var ein unitarist frå Manchester. Onkelen hans John Potter dreiv med kalikotrykk, og Edmund dreiv ei tid Dinting Vale Printworks saman med sonen til John, Charles Potter. Samarebeidet blei seinare oppløyst. Edmund gifta seg med Jessica Crompton, og dei fekk sju barn.

Han flytta verksemda si til Glossop i 1825, bygde opp att Joseph Lyne si Boggart Mill, og gjorde fabrikken om til eit stofftrykkeri. Opphavleg hadde ein trykt mønster på kaliko for hand, men Potter introduserte presis maskintrykking. I 1883 hadde fabrikken 350 tilsette, og hadde trykka 1 million stoff på 42 maskinar. Edmund Potter and Co var den største kalikotrykkfabrikken i verda.[1] Verksemda slo seg saman med fleire rivalar og blei til Calico Printers' Association i 1899.[2]

Potter bygde Dinting Lodge til familien sin i 1842 i nærleiken av fabrikken. I 1855 bygde han eit bibliotek med leseal for arbeidarane sine. Då han kjøpte Dinting Mill i nærleiken gjorde han overetasjen om til ein skule for ungar og yngre deltidsarbeidarar ved fabrikken.[3]

Frå 1861 til 1874 sat han som liberalt parlamentsmedlem for Carlisle.[4][5]

KjelderEndra

  1. Quayle, Tom (2006). The Cotton Industry in Longdendale and Glossopdale. Stroud, Gloucestershire: Tempus. s. 126. 
  2. «Calico Printers Association - Graces Guide». 
  3. «Dinting and the Potters Page». Arkivert frå originalen 2009-03-12. Henta 5. januar 2009.  Glossop & District Heritage Trust, Glossop Heritage Centre, Bank House, Henry Street, Glossop in August 2002.
  4. M. Hewitt, ‘Potter, Edmund (1802–1883)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004
  5. Birch, A.H. (1959). «2». Small Town Politics, A Study of Political Life in Glossop. Oxford University Press. s. 8–38.