Eidsfjorden i Vaksdal
fjord i Vaksdal kommune
Eidsfjorden er ein fjordarm av Indre Osterfjorden i Vaksdal kommune. Han strekkjer seg 4,5 km nordaustover til Eidslandet, nordaust for Osterøy.

Fjorden har innløp mellom Bylganeset i vest og Hesjedalsfossen i aust og har ingen andre busetnader langs fjorden enn Eidslandet i enden. Riksveg 569 går derimot langs heile austsida av fjorden.