Eiganes og Våland
Eiganes og Våland er ein bydel i Stavanger med 19 915 innbyggjarar (2004). Flatevidda til bydelen er 7,01 km².
Bydelen omfattar fire valkrinsar: Kampen, Stokka, Eiganes og Våland.
Vålandshaugen på 84 moh. er det høygaste punktet i bydelen. Her ligg Vålandstårnet, eit utsiktstårn oppført i 1895. Tidlegare stod tårnet «Vålandspibå» her. På Kampen ligg Byhaugen, 76 meter over havet.
Folk frå bydelen
endre- Einar Høigård (1907-1943), lærar og motstandsmann, vaks opp på Våland. Han er minna gjennom gatenamnet Lektor Einar Høigårds gate i bydelen.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Universitetslæraren som døydde i kampen mot nazismen - Uniforum», www.uniforum.uio.no (på norsk), henta 11. mai 2020