Den vonde,depressive einsemdkjensla har vore eit gjennomgangsmotiv i biletkunsten. Eit døme er Einsemd av Hans Thoma i nasjonalmuseet i Warszawa.

Einsemd hjå eit menneske er ei djupgripande vond kjensle av å sakne varig kontakt med andre menneske. Einsemd er såleis ikkje det same som å vere åleine, ettersom ein kan trivst med å vere åleine, og difor ikkje kjenner seg einsam. Det er berre når ein ynskjer kontakt utan å vere i stand til å etablere slik kontakt, eller ikkje kan få etablert kontakt av ein tilfredsstillande sosial kvalitet, at det er snakk om einsemd. Så sjølv med eit stort kontaktnett vil ein kunne kjenne seg einsam, dersom det ikkje finst menneske som ein kan skipe nære sosiale relasjonar til. Ein har kan hende berre mange kjente, men ingen vener.

Det er ofte som ein konsekvens av livet i byar at kjensla av einsemd kan verte eit problem for mange. Men kjensla av einsemd kan òg vere knytt til aldersgrupper. Gamle menneske vil lett kunne kjenne seg lammande einsame og nedtrykte etter kvart som ektefelle, vener og kjentfolk fell frå. Og unge menneske har gjerne ein trong til medmenneskeleg kontakt som gjerne kan gjeve sterk einsemdkjensle dersom dette ikkje vert tilfredsstilt.