Eirik Røthe
Eirik Røthe (21. juli 1922–28. mars 1996) var ein norsk bonde og forfattar. Røthe var opptatt av å ta vare på språk og skikkar brukt i heimbygda Voss frå gamalt av.
Eirik Røthe | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21.07.1922 Voss |
Død |
28.03.1996 (73 år) |
Yrke | bonde, skribent |
Ektefelle | Solveig Johanna Røthe (fødd; Sognefest) |
Born | Kirsti Røthe
Knut Røthe Inga Røthe Jon Røthe |
Prisar | Kommunal heiderspris (1985, Voss). (Dette var ein enkeltståande heiderspris før den kommunale kulturprisen vart oppretta). |
Røthe arbeidde som bonde på (Vetla-) Røthe, på Dyrvedalen på Voss, fram til eldste sonen Knut Røthe tok over gardsdrifta på 70-talet. Det var fyrst då Eirik Røthe byrja å skriva og teikna for eigne eller andre sine bøker og publiseringar.
Røthe har blant anna gjeve ut boka Vossamål i Ord og Vendingar. Dette er ei samling av gamle uttrykk og ord brukt i vossamålet frå gamalt av. Arbeidet med denne starta lenge før utgjeving, men vart publisert som ei eige bok i 1994. Teikningane i boka er laga av Røthe sjølv.[1]
Eirik Røthe var ein periode formann i Voss Bygdeboknemnd. Voss Bygdeboknemnd har saman med Voss Sogelag og Voss Museum gjeve ut årboka Gamalt frå Voss sidan 1969. Her skreiv Røthe artiklar åleina eller saman med andre som vart gjeve ut i regi av Bygdeboknemnda.[2]
Utgjevingar/bidrag
endreBoktittel | Undertittel | År | Forfattar | Illustrasjonar / Teikningar |
---|---|---|---|---|
Eirik Røthe på friarføter | Eirik Røthe: Gamle skikkar ved friing og brudlaup på Voss[3]
Borghild Dale: Jonsokbrudlaup eller barnebrudlaup |
1996 | Eirik Røthe | - |
Vossamål i ord og vendingar | - | 1994 | Eirik Røthe | Eirik Røthe |
Arbeidet i bygdene[4] | Årsrytmen på Voss før landbruket vart mekanisert | 1980 | Johannes Gjerdåker | Eirik Røthe |
Artiklar:
endreArtikkel | Side | Boktittel | Årstall |
---|---|---|---|
Brurekrunene på Voss | s. 31-47 | Gamalt frå Voss[5] | 1980 |
Litt om skikkar og fordomar ved slakting av hest, hund og katt i eldre tider | s.65-73 | Gamalt frå Voss[6] | 1981 |
Litt om mål, vekt og pengeverd før 1875 | s.60-68 | Gamalt frå Voss[7] | 1984 |
Emigrasjonen frå Voss til Amerika i eit nateskal | s.100-135 | Gamalt frå Voss[8] | 1985 |
Knute Nelson | s.175-182 | Gamalt frå Voss[9] | 1985 |
Elling Eielsen Sundve 1804-1883 | s.192-197 | Gamalt frå Voss[10] | 1985 |
Ei solskinssoge | s.237-240 | Gamalt frå Voss[11] | 1985 |
Torvgarden i Vestbygdi | s. 136-139 | Gamalt fra Voss[12] | 1986 |
Glimt frå næringsliv, handel og handelsmenn i gamle dagar | s.137-144 | Gamalt frå Voss[13] | 1987 |
Flaumregulering i Vangsvatnet i 1860-åra | s. 145-150 | Gamalt frå Voss[14] | 1987 |
Lars Hæve 1885-1966 : treskjerar og spelemann | s. 72-86 | Gamalt frå Voss[15] | 1993 |
Familie
endreRøthe var gift med Solveig Johanna Røthe (fødd Sognefest). Dei hadde borna Kirsti, Knut, Inga og Jon Røthe.
Kjelder
endre- ↑ Røthe, Eirek (2000). Vossamålet i ord og vendingar (2. oppl utg.). Voss Prenteverk. ISBN 978-82-993299-0-3.
- ↑ På http://vossaslekt.org/gamaltfravoss.htm er det mogleg å søkja opp artiklane som Eirik Røthe skreiv for årboka "Gamalt frå Voss".
- ↑ Røthe, Eirik (1986). Gamle skikkar ved friing og brudlaup på Voss. Voss bygdeboknemd. ISBN 8299122112.
- ↑ Gjerdåker, Johannes (1980). Arbeidet i bygdene : årsrytmen på Voss før landbruket vart mekanisert. Vestanbok forl. ISBN 8271010727.
- ↑ Eirik Røthe (1980). «Brurekrunene på Voss». Gamalt frå Voss (H.12): S.31–47. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirik Røthe (1981). «Litt om skikkar og fordomar ved slakting av hest, hund og katt i eldre tider». Gamalt frå Voss (H. 13): S.65–73. ISSN 0333-0869.
- ↑ «Litt om mål, vekt og pengeverd før 1875». Gamalt frå Voss (H.16): 60–68. 1984. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirik Røthe (1985). «Emigrasjonen frå Voss til Amerika i eit nateskal». Gamalt frå Voss (H17): S. 100–135 ill., port. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirik Røthe (1985). «Knute Nelson». Gamalt frå Voss (H.17): S. 175–182 ill., port. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirk Røthe (1985). «Elling Eielsen Sundve 1804-1883». Gamalt frå Voss (H.17): S. 192–197 ill., port. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirik Røthe (1985). «Ei solskinssoge». Gamalt frå Voss (H.17): . 237–240 port. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirik Røthe (1986). «Torvgarden i Vestbygdi». Gamalt frå Voss (H.18): S. 136–139 ill. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirik Røthe (1987). «Glimt frå næringsliv, handel og handelsmenn i gamle dagar». Gamalt frå Voss (H.19): S. 137–144 ill. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirik Røthe (1987). «Flaumregulering i Vangsvatnet i 1860-åra». Gamalt frå Voss (H.19): S. 145–150 ill. ISSN 0333-0869.
- ↑ Eirik Røthe (1993). «Lars Hæve 1885-1966 : treskjerar og spelemann». Gamalt frå Voss (H.25): S. 72–86 ill. ISSN 0333-0869.