Opna hovudmenyen
Ein trikk på Ekebergbanen på veg opp vesthellinga i Ekebergåsen.

Ekebergbanen er ei 6,6 kilometer lang dobbeltspora og svingete trikkelinje på eigen trasé langs vesthellinga i Ekebergåsen mellom Ljabru og Gamlebyen i Oslo, der banen er knytt til det ordinære sporvegsnettet i byen og har såleis trikkeruter frå både Majorstuen og Rikshospitalet. Linja går gjennom stroka Jomfrubråten, Bekkelagshøgda med Holtet og Nordstrand i Bydel Nordstrand.

Eit parti av Ekebergbanen i 1929.

Banen vart bygd og drive av aksjeselskapet A/S Ekebergbanen som ein lenging av ei linje mellom Stortorvet i Oslo og Oslo hospital i Gamlebyen. Selskapet hadde gjort en avtale med Kristiania Sporveisselskab om å få bruke linja mellom Oslo hospital og Stortorvet for trikkene på Ekebergbanen, som vart opna i fyrste byggjesteget fram til Sæter 11. juni 1917, til Ljabru i 1941. I 1931 var det opna ei sidelinje tvers over Ekebergsletta fram til Simensbråten, nedlagd i 1967.

Fram til dåverande Oslo Sporveier A/S tok over drifta av Ekebergbanen, skilde trikkane på denne banen seg frå dei andre trikkane i byen ved å køyre på høgare spenning og vere av ein eigen type som var måla gråe med ei brei, djupraud rand nedst. Etter at Oslo Sporveier A/S tok over, vart det som i dag køyrd vanlege bytrikkar på banen etter at straumforsyninga hadde vorte ombygd til anna spenning, sams for resten av trikkenettet.