Eksplosjonskrater

Eit eksplosjonskrater er ei trakt- eller tallerkenforma senking i jordoverflata, som er danna av eit enkelt eksplosivt vulkanutbrot eller eksplosjon like over jordoverflata. Dei kan òg dannast under underjordiske atomprøvesprengingar.

Krater skapt av ei underjordisk atomprøvesprenging

Krateret oppstår under ein eksplosjon ved at massane vert kasta opp i lufta og bort frå eksplosjonsstaden. Gass under høgt trykk og trykkbølgjer er prosessane som skapar eit slikt krater. Dei er ofte omgjevne av ein låg voll av lause utbrotsprodukt, og krateret kan vere fylt av vatn. Eit døme er maarane i Eifeldistriktet i Tyskland.

Stundom kan store meteorittar som slår ned på jordoverflata gje knuste og smelta bergartar, som feilaktig har vorte tolka som eksplosjonsbreksje.

Sjå òg endre

  • Maar, eit ofte vassfylt krater etter ein vulkaneksplosjon.
  • Subsidenskrater, ei senking i underflata som har oppstått når grunnen har kollapsa ned i eit tomrom under.
  • Nedslagskrater, ei senking skapt etter eit meteorittnedslag eller liknande.

Kjelder endre