Elektrisk dobbeltlag
Det elektriske dobbeltlaget er ei samling av ion rundt suspenderte partiklar i ei løysning. Partiklane har lada overflate. Denne tiltrekk ion med motsett ladning. Dobbeltlaget består av sternlaget, der iona følgjer partikkelrørslene og det diffuse laget. I det diffuse laget vert iona både tiltrekte av partikkelen og fråstøytte av sternlaget. Dette vert gradvis tynnare til ionekonsentrasjonen er som i resten av løysninga, og ion med same ladning som partikkelen kan finnast her.