Elektro-optikk
Elektro-optikk er ei grein av optikken og atomfysikken der verknaden av elektriske felt på optiske fenomen vert handsama. Verknadane skuldast at elektronbanane til atoma i stoff som sender ut, slepp gjennom eller absorberer lys, vert endra når stoffet vert utsett for elektriske krefter. Som følgje av dette kan bølgjelengda og polarisasjonstilstanden til lyset endrast. Dei viktigaste elektro-optiske fenomen er elektro-optisk dobbeltbryting eller kerreffekt og starkeffekt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Electro-optics» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2012.