Elektromagnetisk kompatibilitet

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Elektromagnetisk kompatibilitet».

Elektromagnetisk kompatibilitet (EMC) handlar om kor robust eit elektroniske apparat og installasjonar står imot elektromagnetisk interferens, og kva elektromagnetisk støy dei strålar ut. Elektromagnetisk interferens kann skriva seg frå andre elektriske apparat, eller dei kann ha eit naturleg opphav, som lyn, elektrostatiske utladingar osb. Svitsjestøy frå rele og digital elektronikk når ofte fram til følsam elektronikk ved å fylgja elnettet, men elektromagnetiske støyfelt kan òg vera kraftige nok til å generera interferens i elektriske apparat. Ofte er det slik at system påverkar kvarandre med gjensidig interferens.

EMC-laboratorium ved TU Dresden i Tyskland.

Elektriske apparat kan gjerast robuste mot elektromagnetisk støy og interferens ved betre skjerming for å redusera innkopling av elektromagnetiske støyfelt og ved å filtrera nettboren

Føreskrifter endre

EMC vert regulert i form av eit EMC-direktivet som kom i 1996, EX-direktivet, lågspenningsdirektivet, maskindirektivet osb. Attåt dette kjem miljøvernlovgjeving og nasjonale føreskrifter, som til dømes føreskrifter for elektriske installasjonar i bygningar.

Bibliografi endre

  • Benda, S., Elektroniska apparater - Minikrav för industrin inom EU och EFTA', Studentlitteratur, 1993.
  • Grødal, A., Elektromagnetisk kompabilitet for konstruktører, Tapir forlag, 1997.
  • Mardiguian, M., EMI trubleshouting techniques, McGraw-Hill, 2000.
  • Morrison, R., Grounding and shielding techniques, 1998.
  • O'Hara, M., EMC at component and PCB level, Newnes, 1998.
  • Williams, T., EMC for product designer, 2. utg., Newnes, 1992.