Elias Trætteberg

Elias Trætteberg (11. mars 186428. november 1951) var ein norsk skulemann og politikar frå Løten. Tingperioden 1919-21 representerte han Høgre i Hamar og KongsvingerStortinget.

Elias Trætteberg
Fødd 11. mars 1864
Død

28. november 1951 (87 år)

Yrke politikar

Han var son til ein gardbrukar i Rogstad krins i Løten. Trætteberg tok eksamen ved Hamar seminar i 1884. Sidan var han lærar i folkeskulen i Hamar, skuleinspektør 1922-34. Tida 1898-1922 var han også kyrkjesongar.

Frå 1886 var han medredaktør i Norsk skoletidende og deretter eineredaktør i perioden 1918-34. Deretter var han medredaktør i Norsk Skuleblad fram til 1938.

Perioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Hamar og Kongsvinger på Stortinget, der han var medlem av kyrkje- og skulekomiteen.

KjelderEndra