Dame Ellen Patricia MacArthur (fødd 8. juli 1976) er ein britisk seglar frå Derbyshire. 7. februar 2005 sette ho verdsrekord i å segla jorda rundt åleine. [1] Ho segla 27 354 nautiske mil (50 660 km) med ein gjennomsnittsfart på 15,9 knop. Ho brukte 71 dagar, 14 timar, 18 minutt og 33 sekund og slo dermed den tidlegare verdsrekorden med ein dag, åtte timar, 25 minutt og 49 sekund.

Ellen MacArthur


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. juli 1976 (47 år)
Whatstandwell
Idrett segling
Tok del i

2000–2001 Vendée Globe, World Economic Forum Annual Meeting 2014, World Economic Forum Annual Meeting 2015, World Economic Forum Annual Meeting 2016, World Economic Forum Annual Meeting 2017, World Economic Forum Annual Meeting 2018, World Economic Forum Annual Meeting 2019, World Economic Forum 2020

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, kommandør av Order of the British Empire

Franske Francis Joyon, som hadde hatt verdsrekorden før MacArthur, sette ny verdsrekord i 20. januar 2008 med 57 dagar, 13 timar, 34 minutt og 6 sekund.[2]

8. februar 2005 blei MacArthur utnemnn til Dame Commander (forkorta DBE) av Order of the British Empire for ferdigheitene sine i segling.

MacArthur trekte seg tilbake frå profesjonell segling 2. september 2010, og skipa Ellen MacArthur Foundation, ein veldedig organisasjon som støtter ein overgang til sirkulær økonomi.

Kjelder endre

  1. Our Amazing Planet Staff (30. april 2012). «8 Unsung Women Explorers». LiveScience.com. Henta 30. april 2012. 
  2. «Joyon shatters MacArthur's record» (på engelsk). 20. januar 2008.