Ellen Thomsen
Ellen Thomsen (fødd 1974) er ein norsk tidlegare handballspelar som vann sølv med Noregs landslag både i EM 1996 og VM 1997.
Ellen Thomsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1974 (50 år) |
Idrett | handball |
Thomsen deltok frå oktober 1996 til juli 1998 i 28 kampar for Noreg og skåra 27 landslagsmål. Ho var med i troppa til europameisterskapen i Danmark i 1996 og til verdsmeisterskapen 1997 i Tyskland. I begge desse turneringane spelte ho innleiande kampar, men kom ikkje med i dei 12-manns store finalemannskapa, korkje i 1996 eller 1997. Både i EM 1996 og VM 1997 vart det norske tap mot Danmark.
Thomsen var aktiv på Åssiden IF sitt lag på nivå to i seriesystemet til sommaren 1995. Ho melde då overgang til Stabæk IF i toppserien. Her hadde ho ei sentral rolle fram til ho la opp i 2002, grunna ein langvarig kneskade.