Elva Leda
Leda er ei elv i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Ems frå høgre med ei lengd på 29 km. Ho har sitt utspring der elvane Sagter Ems og Soeste (Dreyschloot) renn i saman nær byen Barßel. Leda munnar ut i Ems nær byen Leer. På den sørlege breidda av Leda i Overledinger Land, på motsett side for Leer, ligg ein liten busetnad kalla Kloster Muhde. Frå munningen og 1,9 km oppover elva er ho framkommeleg for havgåande skip.
Leda | |||
elv | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 29 km | ||
Kjelde | Nær Barßel | ||
Munning | Ems | ||
Elva Leda 52°53′30″N 7°34′02″E / 52.8917°N 7.5672°E | |||
Wikimedia Commons: Leda (river) |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Leda River» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2007.