Elva Strumitsa
elv i Nord-Makedonia og Bulgaria
Strumitsa (makedonsk og bulgarsk Струмица) er ei elv i Nord-Makedonia og Bulgaria. Han renn gjennom byen Strumitsa og er ei sideelv til Struma.
Strumitsa | |||
elv | |||
Land | Bulgaria, Nord-Makedonia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 114 km | ||
Kjelde | Plačkovica i Nord-Makedonia | ||
Munning | Struma i Bulgaria | ||
Elva Strumitsa 41°35′34″N 22°30′38″E / 41.5927°N 22.5106°E | |||
Wikimedia Commons: Strumeshnitsa |
Ho har kjelda si i fjellet Platsjkovitsa i Nord-Makedonia og renn sørover gjennom ein djup dal og vert så kalla Stara Reka. Ho renn så inn i Radovisjdalen og gjennom byen Radovisj. Etter kvart snur ho søraustover og gjennom Strumitsadalen (Vasilevo, Strumitsa og Novo selo), og renn så gjennom byen Strumitsa før ho snur austover og inn i Bulgaria sør for Zlatarevo. Ho munnar ut i Struma frå høgre nordaust for Mitino, ikkje langt frå Rupite.
Elvar har ei total lengd på 114 km, der 81 km er i Nord-Makedonia og 33 km i Bulgaria. Ho er den lengste sideelva til Struma.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Strumica» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2008.