Emil Sandberg

Emil Sandberg (16. mai 18752. juli 1955[1]) var ein norsk lokomotivfører og fagleg tillitsmann, frå 1908 til 1911 og ein periode ved årsskiftet 1924-25 formann i Norsk Lokomotivmannsforbund.

Emil Sandberg
Emil Sandberg2.jpg
Fødd 16. mai 1875
Oslo
Død

2. juli 1955

Yrke Lokomotivførar

Sandberg byrja å arbeide ved jarnbana som 15-åring i 1890, då han fekk jobb som lokomotivpusser ved Hovedbanen. Han avanserte til fyrbøter, deretter lokomotivførar.

Han var medlem av 1. distrikts lokomotivpersonales foreining frå organisasjonen vart stifta i 1893, og vart snart òg aktiv i landsforeininga. I 1904 deltok han i lokomotivmannskongressen på skandinavisk nivå, og året etter vart han nestformann i Lokomotivmandsforbundet. I 1906 var han initiativtakar til skipinga av bladet til organisasjonen Lokomotivmands Tidende, og sat som formann i redaksjonskomiteen.

I 1908 vart Sandberg vald til formann i NLF, og hadde vervet til 1911. Frå 1913 var han vald redaktør for Lokomotivmands Tidende og frå 1916 forretningsførar i forbundet, i fullt lønna stilling. Sandberg var ein sentral pådrivar då NLF i 1919 gjekk inn i Landsorganisasjonen.

På landsmøtet i september 1924 vart han for andre gong vald til formann i NLF, men satt denne gongen berre nokre månader i vervet før han måtte gå av. Ved årsskiftet avdekte nyvalde revisorar uregelmessigheiter i økonomien til forbundet, ei sak som endte med at Sandberg vart tiltalt for underslag og dømt til to års fengsel. I alt var det underslått nær 59 000 kroner, på den tida ein stor sum.[2]

ReferansarEndra

  1. Anmeldte døde, side 6. VG 5. juli 1955
  2. side 242-249, Norsk Lokomotivmannsforbund gjennom 60 år, NLF, Oslo 1953

KjelderEndra

  • «Emil Sandberg», side 159, Alfred Skar: Norsk Lokomotivmannsforbund gjennom 60 år, NLF, Oslo 1953
  • «Emil Sandberg», side 194, Olaf Ingebretsen: Først i spora gjennom 100 år. Norsk lokomotivmannsforbund 1893-1993, Notabene Forlag, Oslo 1993