Emile Robins belønning
Emile Robins belønning vert gjeve til mannskap redningsskøyter som har gjort ein særleg innsats. Utmerkinga har namn etter Emile Robins (1819-1915). Han var ein fransk cognacprodusent som var visepresident i det franske sjøredningselskapet Société centrale de sauvetage des naufragés. Han gav gåver til redningsselskap i fleire land. Redningsselskapet i Noreg fekk og tildelt midlar.
Emile Robins legat I frå 1899 vart investert i norske statspapir. Avkastninga vart brukt til Emile Robins belønning. Denne heidersutmerkinga vart utdelt dei fleste åra mellom 1905 og 1977. Dei første åra vart prisen utdelt for innsatsen gjennom ein heil sesong. Seinare vart det påskjøning for ei redning der det vart vist offervilje. Lenge var heidersprisen 150 kroner, som vart delt mellom skøytemannskapet. Frå 1961 vart det utdelt sølvmedaljar.
Redningsselskapet fekk og seinare gåver frå Emile Robin.
Emile Robind fond frå 1902 vart brukt til støtte til skøyteførarar som måtte slutte på grunn av høg alder eller sjukdom.
Emile Robins legat II vart brukt til bryllaupsgåve til mannskap på redningsskøytene, og til døtrer av mannskap som gifte seg med sjømenn. Gåva var ein fint innbunden bibel og eit veggur.
Emile Robins legat III vart brukt til konfirmasjonsgåver til døtrer og dotterdøtrer av mannskap på redningsskøytene. Gåva var ein svart ullkjole og ein liten sølvkross.
Emile Robins legat IV vart brukt til påskjøning av skøytemannskap med lang tenestetid.
Etter 1980 vart ikkje desse gåvene utdelt. Avkastinga frå legata har vorte brukt til julehelsing til pensjonerte sjøfolk.